Om advokat Louis Anda

Advokat Louis Anda jr. blei etablert i Sogndal i 1992. Sidan den gang har vi hjelpt mange klientar i ulike rettslege tvistar og straffesaker. Vi har kundar frå heile landet, både næringsliv og privatkundar, og har brei erfaring innan dei fleste rettsområde.

Vi tilbyr juridisk hjelp over e-post for klientar andre stader i landet. Ved behov reiser vi der du er for å delta i rettssak, møter eller liknande.

Advokat Louis Anda jr. legg stor vekt på å ha ein nær og personleg dialog med deg som klient. Vi følgjer deg opp og held deg løpande informert.